Arbeidsdepartementet seier at det nå er så billig med pc, at alle har råd til ein.
I Dag er det skulestart for mange, nytt for året er at skuleborn med diagnosen dysleksi ikkje lenger har krav på pc. Den nye ordninga kan bli dyr for fleire familiar meiner rektor på Eigerøy skole, Jon Arild Helgheim. * Er skulen gratis lenger? Sei meininga di nedst i artikkelen. – Mange familiar har meir enn berre eitt born med dysleksi, viss dei skal kjøpa fleire datamaskinar, vil det fort bli dyrt seier han. Det skal ikkje svi å ha dysleksi. I kommunen hans har heile 15% av alle skuleelevane dysleksi-pc. I følgje Grunnskolens informasjonssystem, GSI er det per i dag 47000 elever som får hjelp av PP tenesta. |